Vistdal skole

Klikk for stort bilde

1. - 7.  klasse, fådelt
Elevtal: 17
Opplæringsmål: nynorsk
Rektor: Hilde Toven
 

Vistdal skole

Skulen har 17 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. Uteområdet til skulen er stort og variert, og noko av det deler ein med barnehagen. Barnehagen og skulen har elles mykje samarbeid, og skulen har også noko samarbeid med Vistdal Bofelleskap.

Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.

Vistdal skole og Eresfjord barne- og ungdomsskule har felles rektor/einingsleiar. Skulane tilhøyrer eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule og har felles satsingsområde. Eit av hovudområda er fysisk aktivitet og friluftsliv, og det blir mellom anna gjennomført fjellturar med og utan overnatting, friluftsdag, vinteraktivitetsdag, skulejogg, TINE-stafett med meir. Det er også viktig for skulane å å ha eit godt samarbeid med føresette. Derfor blir det i samarbeid med FAU arrangert aktivitetar på ettermiddagstid, Halloween, samt årlege foreldredugnadar på skulane sine uteområde. 

Vistdal skole gjennomfører årleg "Skulejoggen" i tilknytning til FN-dagen. Då spring elevane inn pengar til eit godt formål. Før jul, øver elevane inn eit program som blir vist føresette og anna familie under juleavslutninga. Skulen gjennomfører ein leseaksjon kvar sommar. Følg gjerne med på våre aktivitetar via Vistdal skole si facebook-side.

Info til heimen

Informasjonsbilaget "Info til heimen" gir føresette ein oversikt over ulike aktivitetar på skulen.

Info til heimen
Tittel Publisert Type
Info om digital meldingsbok.

19.03.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen -Digital meldingsbok.pdf
Info om Fronter-innlogging.

19.03.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen. Fronter-innlogging.pdf
Info til heimen nr 8-fråtrekk fråver

Informasjon til føresette.

21.05.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 8-fråtrekk fråver.pdf
Info til heimen nr. 6 2017-18

Informasjon til føresette

09.04.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 6-skidag og søkn om fri.pdf
Info til heimen nr. 7 2017-18.

Informasjon til føresette

08.04.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 7-Midsund.pdf

 

Bilete

 

 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon

Hilde Toven
einingsleiar
E-post
Telefon 71 23 17 50