Eresfjord barne- og ungdomsskule

Klikk for stort bilde

1. - 10. klasse, fådelt
Elevtal: 37 elevar
Opplæringsmål: nynorsk
Rektor: Hilde Toven
 

Eresfjord barne- og ungdomsskule

Skulen har 41 elevar fordelt på 1. - 10. trinn. På barnetrinnet er det 24 elevar som kjem frå Eikesdal og Eresfjord. På ungdomstrinnet er det 17 elevar, og ungdomsskulen har elevar både frå bygdene Eikesdal, Eresfjord og Vistdal. Skulen har også SFO-tilbod etter skuletid.

Skulen er fådelt, det vil seie at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.

Eresfjord barne- og ungdomsskule og Vistdal skole har felles rektor/einingsleirar. Skulane tilhøyrer eininga Indre Nesset barne- og ungdomsskule og har felles satsingsområde. Eit av hovudområda er fysisk aktivitet og friluftsliv, og det blir mellom anna gjennomført fjellturar med og utan overnatting, friluftsdag, vinteraktivitetsdag, skulejogg, TINE-stafett med meir. Det er også viktig for skulane å ha eit godt samarbeid med føresette. Derfor blir det i samarbeid med FAU arrangert mellom aktivitetar på ettermiddagstid, Halloween, samt årlege foreldredugnadar på skulane sine uteområde. 

Både haust og vår har 1. - 4. trinn og 5. - 7. trinn uteskule på faste område i skogen. Følg gjerne med på våre aktivitetar på facebooksida til Eresfjord barne- og ungdomsskule.

Info til heimen

Informasjonsbilaget "Info til heimen" gir føresette ein oversikt over ulike aktivitetar som er på skulen.

Info til heimen
Tittel Publisert Type
Info om digital meldingsbok.

19.03.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen -Digital meldingsbok.pdf
Info om Fronter-innlogging.

19.03.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen. Fronter-innlogging.pdf
Info til heimen nr 8-fråtrekk fråver

Informasjon til føresette.

21.05.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 8-fråtrekk fråver.pdf
Info til heimen nr. 6 2017-18

Informasjon til føresette

09.04.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 6-skidag og søkn om fri.pdf
Info til heimen nr. 7 2017-18.

Informasjon til føresette

08.04.2018 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Info til heimen nr 7-Midsund.pdf

 

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med kontaktperson Hilde Toven

Kontaktinformasjon

Hilde Toven
einingsleiar
E-post
Telefon 71 23 17 50