Ungdomsmidlar

Ungdommens kommunestyre deler ut tilskot til gode tiltak for ungdom mellom 13 og 19 år.
Eksempel på tiltak kan vere  aktivitetar, turar eller andre arrangement, eller utstyr til møteplassar, klubbar og grupper. Dette må vere tilgjengeleg og ope for alle i målgruppa.

Nye tiltak og investeringar i varig utstyr blir prioritert. 

Kven kan søkje?

Lag, foreiningar og grupper kan søke.

Søknadfrist:

Søknadsfristen er 1. mars.

Lenke til søknadskjema for ungdomsmidlar

Rapport

Alle som får tildelt ungdomsmidlar skal innan eit år frå tildelinga (seinast innan 1. okt) sende inn ein rapport over tiltaket.

Rapporten skal sendast elektronisk til kommunen.

Lenke til rapport og regnskap for tildelte ungdomsmidlar