Momskompensasjon for lag og foreiningar

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2018 fordele 1,4 milliarder kroner til frivillige lag og organisasjoner. Disse pengene skal kompensere for kostnader som frivillige organisasjoner har hatt til merverdiavgift i 2017. 

Frivillige organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. For inneverande år tek de utgangspunkt i dei totale driftskostnadene for laget i det reviderte rekneskapet for siste heile rekneskapsår (2017)

Husk at lokallag og underledd må sende søknaden til sitt sentralledd. 

Søknad gjennom sentralledd 

Erfaring frå tidligare år viser at det finst mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. osv. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.

Sjekk din søknadsfrist med sentralleddet

Sentralleddet har søknadfrist 1. september. Det er viktig at lokalledd som er knytte til eit sentralledd, anten organisatorisk og/eller gjennom vedtekter, sender søknaden via sentralleddet sitt. Underledd som søkjer direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet vil bli avviste, og får dermed ikkje kompensasjon.
Vi minner difor om at slike søkjarar i god tid tar kontakt med sentralleddet sitt for å få meir informasjon om den interne søknadsprosessen, søknadsfristar osv.  

Lenke til retningslinjer og søknadsfrister for momskompensasjon