Kulturmidlar

Lag og foreiningar som har aktivitet i Nesset kommune kan søke om kulturmidlar. Utlysing av kulturmidlar skjer på kommunen si heimeside og i kulturmeldinga til alle husstandar i kommunen.

Nesset kommune tildeler kvart år kulturmidlar til frivillige lag og foreiningar som har aktivitet i kommunen. Tildeling til godkjente søkjarar blir gjort etter kriterier og fordelingsnøkkel i retningslinjene. Minstebeløp for tildeling kr 5000,-. Potten til fordeling kan vareiere frå år til år. Berre elektronisk søknadskjema blir godkjent.

Søknadsfristen er 1. april. 

Kven kan søkje:

Frivillige lag og foreiningar med aktivitet i Nesset kan søkje.

Laget må vere registrert i Brønnøysundregisteret.

Laget skal ha ei demokratisk oppbygging med årsmøte og eit lovleg valgt styre.

Dato for siste årsmøte skal førast inn i søknaden. Det kan berre vere ein søknad frå kvart lag/organisasjon.

Obligatoriske vedlegg og opplysningar:

  1. Årsmelding for siste driftsår.
  2. Revidert samandrag av rekneskap for siste driftsår.
  3. Arbeidsplan og budsjett for komande år. 

Kriterier i søknaden:

  • Aktivitet retta mot barn og unge
  • Aktivitet som fremmer integrering og deltaking for alle.
  • Aktivitet og tiltak som fremmer folkehelse og førebygging.
  • Ansvar for drift av aktivitets-anlegg og hus.
  • Ansvar for oppkøyring av tur- og langrennsløyper. (Løypekjøringsmidlar blir tildelt etter rapportering og søknad fra Idrettslaga innan 1. oktober kvart år)
  • Nystarta lag og foreiningar kan søke om oppstartingstilskot.

Tilskot til hus og anlegg

Lag og foreiningar i Nesset kommune som fyller kriteria for kulturmidlar og som eig aktivitets-anlegg og -hus i kommunen kan søke om tilskot til investeringar. Søknad om investeringstilskot skal sendast på samme elektroniske skjema som til kulturmidlar til Nesset kommune innafor den fristen som vert sett.

  • Eksempel på hus- og anleggstypar som er aktuelle innafor denne ordninga er:
    bedehus, ungdomshus, samfunnshus, grendahus, aktivitetsflater og idrettsanlegg med og utan hus, løkker/nærmiljøanlegg, skianlegg med og utan lys, leikeplassar, stiar og anlegg knytt til desse.
  • Det skal leggast ved budsjett og finansieringsplan for tiltaket.
  • Prioriteringar i Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og kulturbygg vert lag til grunn for tildeling.
  • Større tiltak som går ut over budsjettramma må handsamast særskild av kommunestyret.

Vi minner og om spelemiddelordninga (tippemidlar) som kan vere aktuell for anlegg for idrett, fysisk aktivitet og kultur.

Ta kontakt med kommunen dersom laget planlegg tiltak som kan komme inn under spelemiddelordninga. 

Lenker til retningslinjer og søknadsskjema

Retningslinjer for kulturmidlar vedtatt 10-02-2016 (PDF, 75 kB)

Søknadskjema for kulturmidlar

Informasjon, retningslinjer og søknadskjema for statlege spelemidlar