Nesset prestegard

Bjørnstjerne Bjørnson kom til Nesset Prestegard som 5 -åring i 1838. Han gjekk på skule i Molde frå 1844 til -49. Familien flytta til Søgne i 1853. Nesset prestegard er avdeling av Romsdalsmuseet.

Besøk Nesset prestegard

Nesset prestegard er tilgjengeleg for grupper heile året. Ta kontakt for avtale:

Nesset prestegard v/Kulturkontoret i Nesset kommune tlf. 71 23 11 91 eller 414 18 816

Eventuelt. Romsdalsmuseet. Adresse: Per Amdams veg 4, 6413 Molde tlf. 71 20 24 60
E-post: post@romsdalsmuseet.no

Prestegarden er open for publikum i sommarsesongen med guide fra midten av juni til midten av august.

Nesset prestegard

"En af de skjønneste gaarde i landet, som den ligger der, bredbarmet mellom to mødende fjorde med grønt gjæld over sig, fossefald og gaarde på den modsatte strand, bølgende marke og liv inne i dalbunnen, og udover fjorden fjælde med næs i næs skydende ut i sjøen og en stor gaard ude på hvert."

Slik beskriv Bjørnstjerne Bjørnson barndomsheimen sin Nesset prestegard i forteljinga Blakken. Namnet på garden; Nesset, stammar truleg frå vikingtida, og kanskje enno lenger tilbake, og har gjeve namn til heile kommunen.

I daglegtalen blir garden berre omtalt som "prest’gar’n". Framleis er hovedhuset prestebustad, men resten av dei freda byggningane er opne for publikum i sommarhalvåret juni - august, og etter bestilling resten av året.

Bjørnsonutstillingar og prestegardshistorie
Det har truleg vore bosetting her heilt tilbake i vikingtida, og det er funne gravrøyser frå 600-700 e.Kr. nede på Prestneset. Frå gamalt av har det vore om lag 20 bygninger på garden, men i dag er det berre 11 som står att, og 10 av dei er freda. Dei husa vi vil omtale her, er dei 6 som utgjer tunet, og i tillegg driftsbygninga og kvernhuset som står nede ved vegen. Aska på tunet og askealèen som går ned mot prestneset er det mora til Bjørnstjerne, Inger Elise Bjørnson, som har planta. Tuntreet er planta i ei av gruene i den gamle hovedbygninga som stod her. Det var opprinneleg to, "presten og prestfrua", men i dag er det berre "prestfrua" som står igjen. Bautaen som står nedom den nye hovedbygninga vart reist 29. juli 1921 av ungdommar i bygda, til ære for bygda sin store diktar. Karoline Bjørnson gav den jernplata som er innfelt.

Det er uklart når Nesset vart prestegard. Skattemanntalet 1520-21 fører opp ein skattepliktig brukar med namnet Eirik. Den første presten vi kjenner til budde der fra kring 1595.

Dei prestane vi vil nemne:

Lorentz Peterson Schnitler (1755-65) var den første presten som førde kyrkjebok.
Jonas Frost (1804-25) vart kalla jordbrukspresten. "Han gjorde seg meget fortjent av potet-avlingens utbredelse".
Johan Wegede (1825-37) var skulepresten, han fekk i gang den første fastskulen i Nesset på prestneset.
Peder Bjørnson (1837-1853) far til Bjørnstjerne Bjørnson, var streng og gjerde ting på sin måte. Han vart suspendert i 2 år etter "kapteinsaken", men "aldeles frifunnen".
Johan Theodor Thorsen (1896-1904), innførde forpaktar på garden, og gjorde ein del vedlikehald og utbetringar på bygningane.
Ivar Mathias Fredrikson Hals (1933-47), var prest under krigen, men la ned embetet sitt saman med dei andre prestane i 1942, og fungerte da som varaordførar.


Hovedbygninga
Den gamle hovedbygninga fra 1702 som familien Bjørnson flytta inn i da dei kom til Nesset, stod der som aska står no. Den var i så dårleg stand at Peder Bjørnson sende eit brev til kongen med søknad om å få bygge ei ny. Han søkte òg om å få låne pengar; om lag 1200 spesidalar. Etter mykje om og men fekk han endeleg pengane, og bygginga kunne starte. Huset stod ferdig i 1846-47. Det vart gjort lite med bygninga fram til 1895, da sokneprest Thorsen gjorde ein del utbetringar. Etter dette har huset vore modernisert ein rekke gonger, t.d. med utbygging av veranda. I dag er huset fortsatt i bruk som prestebolig. I ei av rutene i 2. etasje har Bjørnstjerne rissa inn namnet sitt med mora sin diamantring.

Borgestua
Alderen på dette huset er vanskeleg å fastslå, men truleg er ho bygd opp ein gong mellom 1757-60, reve ned igjen, bygd opp igjen mellom 1766-75, så reve ned igjen og bygd opp at, no med loft, kring 1850. Dette var drengestue, skulerom, møterom og snikkarverkstad, og ho vart brukt til konfirmantundervisning. Det var òg her dei første avhøra av Per Hagbø (dømt for eit drap i 1842 og halshogga; les Eit stygt barndomsminne) foregjekk, og det var her han satt den siste natta før henrettinga. Det er ikkje sikkert kor lenge borgstua var drengestue, men ho vart nytta aktivt til konfirmantundervisning heilt fram til 1927.

Eldhuset
Dette huset vart frå gamalt av kalla stør- og bagerhus, men vi kallar det eldhus. Det er truleg sett opp på slutten av 1700-talet, eller byrjinga av 1800. Kring 1860 vart det heva med 3-4 stokkar. Frå gamalt av var det to åpne skorsteinsgruer, ei i kvart av romma, og inventaret som er der i dag er frå kring 1900. Eldhuset var grovkjøkkenet på garden i gamle dagar. Huset vart sist satt i stand i 1970-åra. Steinomnen er fortsatt i bruk ein gong i året, på familidagen under Bjørnsonfestivalen, da vi bakar brød i han. - Omnen tek 18 brød i gongen.

Almuens herrestue
Bygd omkring 1815-16. Almuen (seinare kommunen) eigde og hadde ansvaret for dette huset. Herrestua var representasjonsbolig på prestegarden, og biskopar, andre geistlige og embetsmenn overnatta her når dei var på besøk. Da Thorsen ansette ein forpaktar kring 1900, vart huset forpaktarbolig, og var det heilt fram til 1971. Thorsen gjorde ein del vedlikehald og endringar mellom 1900-25. På ein bjelke i trappa har Bjørnstjerne rissa inn namnet sitt.

Stabbur
Det er to stabbur på tunet, og i tida det var forpaktar på garden disponerte han det øvste, medan presten brukte det nedste. Det nedste er det eldste huset på garden, bygd kring 1630. Det øvste stabburet har måtta fått nytt fundament mange gonger (sist i 2001) p.g.a. at grunnen det står på sig.

Driftsbygninga
Tidlegare var dyra på Nesset i forskjellige hus. Dei var svært forfalne da sokneprest Thorsen kom til garden, så han reiv dei og bygde ei ny bygning, som stod ferdig i 1901/1902. Den var i bruk til forpaktaren flytta i 1971, og utleigd til dyrehald fram til 1990. 

Fjøsen er no bygd om til museum og kultursenter med publikumsareal, møterom, utstillinglokale, kjøkken og toalett.

Kvernhuset
Det kvernhuset som står der no, stammar fra kring 1840, men det har nok vore kvern der mykje tidlegare enn det. Kverna var veldig viktig på litt større gardar. Kring 1960 vart kverna restaurert.