Kvalifiseringsprogrammet

NAV har ansvaret for kvalifiseringsprogrammet, og er eit tilbod til deg om opplæring og arbeidstrening, og den oppfølginga du treng for å komme i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Programmet gjev også en muligheit for å avklare andre rettigheter til inntekt du kan ha dersom du ikkje klarar vanleg arbeid. Programmet skal være på full tid og du får løn og vanlig ferie. Du har rett på barnetillegg dersom du har barn, og kan ha rett til bustønad dersom du har eigen bustad. Det er kva du kan og kva du ynskjer som bestemmer innhaldet i ditt kvalifiseringsprogram. Saman med rettleiar vil du difor kunne planlegge innhaldet i programmet, som først og fremst skal innehalde arbeidsretta aktiviteter, opplæringsaktiviteter, og tett individuell oppfølging og rettleiing. Dersom du treng medisinsk eller annen behandling, eller rettleiing på andre livsområder enn arbeid, kan dette innarbeidast.

Kven kan delta?

Dersom du har levd på sosialhjelp over lang tid eller står i fare for å komme i en slik situasjon, kan du få hjelp gjennom kvalifiseringsprogrammet.

Kva kan du få?

Som deltakar i kvalifiseringsprogram har du rett til kvalifiseringsstønad. Stønaden er på 2 gonger grunnbeløpet. For deltakarar under 25 år er stønaden 2/3 av full stønad. Det gis eit barnetillegg for 22 dagar per månad. Du må betale skatt av stønaden.

Kvalifiseringsprogram kan gjevast for ei periode på inntil eit år. Etter en ny vurdering kan det forlengas med eit år, eventuelt meir dersom det er nødvendig.

For meir informasjon sjå www.NAV.no  eller kontakt NAV Nesset.

Korleis søkje?

Ta gjerne direkte kontakt med NAV-kontoret for ein veiledningssamtale.