Kunngjering av oppstart av namnesak 2019/188 Bogge/Bugge

Kartverket har reist namnesak på skrivemåten av stadnamnet Bogge eller Bugge jfr. brev  frå Statens Kartverk av 2.05.2019. Kartverket reiser namnesak på skrivemåte for gardsnamnet og stadnamn avleidde av dette namnet. Liste over namna står i brevet. 

Kommunen vil bruke namnet i vegnamn på staden og ønskjer å få fastsett skrivemåte i formell namnesak. Det ligg også til grunn eit lokalt initiativ til å få endre skrivemåten frå Bogge til Bugge. Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av nedervde gards- og bruksnamn, seternamn og naturnamn. Før det vert gjort vedtak har kommunen rett til å uttale seg. Det same har eigarar, festarar, lokale lag og organisasjonar, og andre som har særleg tilknytning til namnet. 

Vi viser til brev fra Kartverket med melding om oppstart av namnesak i Nesset kommune:  Oppstart av namnesak 2019/188 Bogge eller Bugge (PDF, 338 kB)

Frist for uttale til saka er satt til 2. juli 2019.

Merknader/kommentarer til namnesaka sendes via elektronisk skjema, eller til Nesset kommune, Kråkholmvegen 2, 6460 Eidsvåg. Kan også sendes pr. e-post til postmottak@nesset.kommune.no