Utlån av SUP, kajakk og kano

Du kan låne SUP, kajakk eller kano fra utstyrspoolen i Nesset kommune. Utstyret finnes i båthuset ved badeplassen på Eidsvågleira. Dette tilbodet er gratis for alle som bur i Nesset.

Padling med SUP, kajakk og kano er ein risikoaktivitet. Set deg inn i reglane og ver forsiktig når du er på sjøen.

Retningslinjer og krav til den som skal padle er slått opp i båthuset. Les dette før turen.

Slik låner du SUP, kajakk eller kano:

Bestilling foregår på internett (NB! bruk nettlesar Chrome, Edge el.l.).

Registrer deg som brukar

Du må først registere deg som kunde og lage deg eit brukarnamn og passord.
Noter kortnummer for våttkort i merknadsfeltet på din profil som kunde.

Utlånstid og bestilling

Her er lenke til bestilling på internett: Bestilling av kano/kajakk

Det er lagt inn valg for utlånstid på 2, 4, 6 eller 8 timar. Du forlenger tida med å legge inn ei ny bestilling. Dersom tida går over midnatt må du bestille på nytt fra kl 00.00.

Husk å svare ja på spørsmål om bekreftelse på sms.

(Vi arbeider med å forbetre systemet og er takknemlig for tilbakemeldingar.)

Reglar for padling

Alle som skal padle må vere fylt 12 år, kunne svømme og ha våttkort, eller vere i følge med vaksne (over 18 år) som har våttkort. Noter kortnummer i merknadsfeltet på din profil som bruker.

Du kan låne ein båt i 8 timar og levere den tilbake så snart du er ferdig med turen.

Legg alt utstyret på plass i båthuset etter bruk.

Husk:

  • Padle ikkje åleine, bruk alltid flytevest!
  • Hald dykk nære land, padle ikkje i (sterk) vind.
  • Ha med eit sett tørre klede i ein vasstett pose viss du skal padle på lengre tur.
  • Bruk tørrdrakt/våtdrakt viss du padlar ved låge temperaturar.
  • Viss du låner våtdrakt, skal denne skyllast i ferskvatn og hengas til tørk .
  • Tørk bort fukt og sand frå båten du har brukt.
  • Legg båten og utstyret på rett plass etter bruk og lås fast båten med riktig lås.
  • Husk å låse ytterdøra når du går.