Månedens kulturminne juni: Sira kyrkje

Klikk for stort bildeSira kyrkje med 17. -mai toget

Sira kyrkje ligg ved garden Torhus på vestsida av elva Eira i Eresfjord. Kyrkja vart bygd i 1869 og er ei åtte-kanta "Grosch-kyrkje". Den er bygd etter mønsterteikningar av arkitekten H.Grosch. i 2019 blir det markert 150 års jubileum for Sira kyrkje med jubileumsarrangement den 27. oktober.

Kyrkja tilhøyrer Den norske kirke og høyrer til Indre Romsdal prosti i Møre bispedømme. Bygninga er i tre og har 307 sitteplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja. Kyrkja har fått  namnet sitt etter garden Sira.