Månedens kulturminne i september

Klikk for stort bilde

 

Kvernhuset på Nesset prestegard.

September er tida for tresking og maling av korn. På Nesset prestegard står kvernhuset som er den første bygninga vi møter ved vegen. Dagens kvern skal vere bygd av Elling Talset midt på1850-talet. Gardskverna var i bruk til 1943. I 2012 vart det arrangert "kurs i kvernkallbygging" og dermed fekk ein montert ny kvernkall under kyndig vegleiing av Bjørn Austigard. Å ha ei godt fungerande kvern var viktig i tidlegare tider da ein både dyrka, hausta og mol kornet til mjøl i byga.