Månedens kulturminne i august - fangstminner i fjellet

Klikk for stort bildeAugust er den finaste tida for fjellturar.
Kva med ein tur for sjå kulturminner i høgfjellet?

Biletet viser den gamle steinbua i Grovåskardet ovafor Gravdalen i Eikesdalsfjella. Vi anbefaler ein tur til Gravdalen. Her går gamle ferdselsvegar over fjellet frå Eikesdal til Lesja og Austlandet. Gravdalen har og vore ein møteplass med for eksempel tradisjonar for fjellstemne der folk frå aust og vest møttest. Mange stader i høgfjella våre finn vi spor etter jegarar og fangstfolk som er meir enn 10 000 år gamle. Det kan vere restar etter steinsmier der jegeren sat og smidde pilspissar av stein og det kan vere bogasteller, ledegjerder og herbører, skjul og overnattingsstader. Ofte er desse plassert i ur og ulendt terreng der det kunne vere strategisk i høve trekkrutene for viltet.