Indre Nesset barne- og ungdomsskule

bålkos - Klikk for stort bilde

 

Indre Nesset barne- og ungdomsskule har hausten 2017 totalt 52 elevar og består av to skular med felles rektor/einingsleiar. Skulane er fådelte, d.v.s. at fleire årstrinn har undervisning i lag. Opplæringsmålet er nynorsk.

Eininga arbeider for å ha eit godt samarbeid med foreldra, og i samarbeid med FAU har ein  foreldredugnader på utearealet kvar vår.

Eit viktig satsingsområde er friluftsliv og fysisk aktivitet. Det blir gjennomført fjellturar, overnattingsturar, skiaktivitetsdag på Vistdalsheia, friluftsdagar m.m.

Eresfjord barne- og ungdomsskule

Skulen har hausten 2017 35 elevar fordelt på 1.-10. trinn. På barnesteget er det 19 elevar frå Eikesdal og Eresfjord, og på ungdomssteget er det 16 elevar. Ungdomsskulen har elevar både frå Eikesdal, Eresfjord og Vistdal. Skulen har også SFO-tilbod etter skuletid.

Både haust og vår har 1.-4. trinn og 5.-7. trinn uteskule på faste område i skogen. Her er det opparbeidd bålplass og gapahuk. Skulen gjennomfører også årleg Tine-stafetten som eit eige arrangement for alle trinn på skulen.

 

Vistdal skole

Skulen har hausten 2017 17 elevar fordelt på 1-6 trinn. Uteområdet til skulen er stort og variert, og noko av det deler ein med barnehagen. Barnehagen og skulen har elles mykje samarbeid, og skulen har ogsån noko samarbeid med Vistdal Bofelleskap.

Vistdal skole gjennomfører årleg "Skulejoggen" i tilknytning til FN-dagen. Då spring elevane inn pengar til eit godt formål. Før jul, øver elevane inn eit program som blir vist foreldre og anna familie under juleavslutninga. Skulen gjennomfører ein leseaksjon kvar sommar.

Følg gjerne med på våre aktivitetar via skulens heimeside på facebook.

 

 

 

Eresfjord barne- og ungdomsskule - Klikk for stort bilde TINE-stafett på Eresfjord barne- og ungdomsskule - Klikk for stort bilde Vistdal skole - Klikk for stort bilde Elevane ved Vistdal skule gjennomfører "skulejoggen" på FN-dagen.  - Klikk for stort bilde

Indre Nesset barne- og ungdomsskule
Indre Nesset barne- og ungdomsskule
Navn / e-postTittelTelefon
Hilde Toveneiningsleiar71 23 17 50
Aud Rødsekretær71 23 15 23
Kirsti M. Evenseninspektør, Eresfjord71 23 17 52
Marit Berg Øieninspektør, Vistdal71 23 51 44
Kart
Eresfjord barne- og ungdomsskule
Kart
Vistdal skole
Publisert av Hilde Toven. Sist endret 31.08.2017 11:23
Fant du det du lette etter?