Kulturminne i Nesset - bygdamøter

Seterstøl Lange i Vistdal. - Klikk for stort bildeSeterstøl Lange i Vistdal. Kristin Øien

I samband med arbeid med kulturminneplan for Nesset inviterer vi til møter for å få innspel og medverknad i planarbeidet. 

Møtet er ope for alle interesserte og alle bygdalag og andre lokale foreiningar er spesielt invitert.

Kulturminner er alle spor etter menneskeleg aktivitet opp gjennom historia vår. Vi er på jakt etter det som på kvar sin måte kan vere typisk og representativt  for våre bygder.

 

 

Nesset historielag vil presentere seg  og ha innslag med lysbilete og film som viser deler av vår lokale kulturarv på ulike måtar.

16. januar kl 19.00 i kommunestyresalen i Eidsvåg

18. januar kl 19.00 på Eresfjord samfunnshus

Kommunen tar også gjerne imot innspel og forslag til aktuelle kulturminner som bør inn i ei kulturminneplan. Send epost til postmottak@nesset.kommune.no

Kontaktperson kulturleiar Turid Leirvoll Øverås

 

Publisert av Turid Øverås. Sist endret 11.01.2018 13:27
Fant du det du lette etter?