Nessethallen

 

Nessethallen er ein fleirbrukshall som er plassert inntil gym-fløya ved Eidsvåg barne- og ungdomskole. I tilknytning til skulen finn du og kommunens svømmebasseng. Like ved  hallen og skulen ligg Eidsvåg kunstgrasbane og grasbanen til Eidsvåg idrettslag.

  • Nessethallen har ei aktivitetsflate på 22 x 44 meter. Det merka opp til handballbane, 2 basketball-banar, 2 badmintonbanar og 4 volleyball banar (den eine på langs i hallen kan brukast ved turneringar etc.)
  • Hallen kan delast inn i 3 deler ved hjelp av nedsenkbare skilleveggar. Dette er ikkje lydtette veggar. Der er mulig å ha fleire aktivitetar parallelt.
  • Det er fire garderobar med tilhøyrande dusjar. Det er lett tilkomst til garderobane.

  • Klatreveggen er montert i østre ende av hallen. Med henvisning til Norsk klatreforbunds krav til kompetanse, er ansvaret for klatrevakt, sikkerhet og HMS satt bort til Klatregruppa i Eresfjord idrettslag i form av ein signert avtale.

  • Alle romma i hallen kan leigast ut. Grunnskulen og andre kommunale tenester disponerer hallen i skuletida. Dersom det er aktuelt å leige heile eller deler av hallen innan skuleåret/skuletida må det gjerast særskilt avtale med kommunen.

Treningstider og utleige

Nessethallen: Kontakt Nesset kommune for tildeling av treningstid. Telefon 71231100

Klatreveggen: Kontaktperson for klatregruppa er Bjørn Magne Øverås. Tlf 97162499

Oversikt over treningstider finn du ved å gå inn på lenka under.
Bla deg fram til ønska dato ved å klikke på kalenderlinja øverst i skjemaet.

Treningstider i Nessethallen

Hallen er stengt for fast trening frå 20. juni til 20. august.

Frivillige lag og organisasjonar og andre som driv frivillig aktivitet i Nesset kan leige hallen til trening og øving gratis. Det må alltid vere ein vaksen person som står som ansvarlig kontaktperson for leigetakar. 

Enkeltarrangement

Hallen eller deler av hallen kan leigast til enkeltarrangement. Private og inntektsbringande arrangement betaler for driftsutgifter. All utleige skal godkjennast av driftsansvarleg.

Det må alltid vere ein vaksen person som står som ansvarlig kontaktperson for leigetakar.
 

Melding om arrangement til brannvesenet

Hallen er godkjent som forsamlingslokale og er eigna til idrettsarrangement og liknande.

Arrangement som fest/dans og andre større arrangement skal varslast til brannvesenet.

Vedlagt varsel/melding skal det foreligge risikovurdering som beskriv ansvarsforhold, vakthald, varslingsrutiner, evakueringsrutiner mm.

Risikovurdering og branninstruks/brannberedskap må utarbeidast av eigar og arrangør i samråd.

Link til informasjon og skjema for melding om arrangement til Molde brann- og redningstjeneste finn du til høgre på sida.

 

Objekt som kan leigast ut er:

  • Nessethallen, heile huset inkludert møterommet.
  • Nessethallen, sportshall og garderober.
  • Del av hall 1/3, 2/3 eller heil hall.
  • Klatrevegg (må avtalast med Klatregruppa i Eresfjord IL)
  • Møterommet.

Satsar for utleige:

Kommersielle aktørar og private kan leige hallen mot å betale for driftsutgifter i leigetida. Det er satsar pr. time eller dag. For faste treninger i regi av private/kommersielle avtaler vi leige pr mnd. alt etter omfang.

 

Time

Dag

Helg. Lø/søn

Nessethallen – heile huset inkludert møterommet

Ikkje timesats

5 500

11 000

Nessethallen hallen og garderober

5 000

10 000

1/3 del av hall: Pris pr del.

200

750

1 500

Tillegg for garderobe pr stk.

100

100

100

Møterommet  (kan delast i to mindre rom)

100

500

1 000

Klatrevegg
(må avtalast med Klatregruppa i Eresfjord IL)

200

750

1 000

Leige inkluderer reingjering. Alle må rydde etter seg og forlate anlegget i orden klart for kommunens reinhaldspersonale.

Alle som leiger må overholde ordensregler for Nessethallen.

Kontakt og booking:

Ønsker du å leige lokaler til arrangement eller trening i Nessethallen kan du ta kontakt med Nesset kommune.
Telefon 71231100.

Publisert av Turid Øverås. Sist endret 08.10.2017 19:29
Fant du det du lette etter?